Med den på nær komplette gjennomgangen av julehefta fullført, har me også produsert ein bonussending der Kristian Hellesund tetter eit av hola i bunken, nemlig Kapteines Jul, og gir meir kontekst til dei andre seriane som går inn under nemninga «Klassisk Amerikana». Me kjem inn på den nye dokumentarfilmen om Knoll og Totts far, Rudolph Dirks, og Kristian greier ut om eit av sine spesialfelt, Knoll og Totts historie. Med mykje reprisar både i Kapteinens Jul og Knoll Og Tott blir vinnaren det heftet der reprisane ikkje er brukt fullt så mange gonger før. Vidare blir det analyse av fargemønsteret i Fiinbeck og Fia, hundreåringen Barney Google saknast i Snøfte Smiths julehefte, og eit Skipper’n julehefte med Bobby London blir etterlyst, ikkje for første gong.