Berre ei veke seinare og me er tilbake med ny "karantene spesial" av podden. Episoden inneheld tips til kva ein kan gjere dersom ein ikkje har nokre planar, anten aktivitetar eller seriar ein kan sjå på. Tekniske problem rammar oss hardt i denne episoden, men gode gamle Ivar Aasen har nokre kloke ord om dette! Me testar ny brus/energidrikk, kan hinte om ein brus som har reist heile vegen frå Japan og ein frå Extra i Ølen.