Gud sin kjærleik gjeld alle!
I talen deler Tor Espen Kristensen eit sterkt og personleg bodskap om Guds grenselause kjærleik og nåde. Gjennom likninga om den bortkomne sonen blir det tydeleg at Gud ikkje berre elskar dei som får alt til, men òg syndaren som har rota det til. Faren i forteljinga spring sonen i møte – slik Gud alltid spring oss i møte med opne armar.
Du er elska. Gud sin kjærleik er ikkje abstrakt, men konkret. Han elskar deg – midt i svikten, midt i nederlaget. Han gjekk heilt til korset for å vinne deg tilbake.
Bodskapen er klar: Ingen er diskvalifisert frå Guds nåde. Han søker deg, og gleda i himmelen er stor kvar gong eit menneske vender om.