Kristendomen starta med Abraham. Dersom me trur som den truande Abraham, er me kristne. Det les me ut av Galaterbrevet. Heilt frå starten har den kristne trua våre ei global rørsle. Gjennom Abraham og hans etterkomarar ville Gud velsigna alle verdas folkeslag. Det har skjedd, men målet er enno ikkje nådd fullt ut. Å vera kristen er å vera ein globalist fordi den Gud som bur i oss er nettopp det. Og hans frelse gjennom Jesus Kristus er universell.