Jesus har all makt over himmel og jord, og alle menneske er under hans jurisdiksjon om dei veit det eller ikkje, om dei ønskjer det eller ikkje. Folks innstilling til Jesus spelar ingen rolle. Alle skal me ein dag fram for Kristi domstol, og den dagen skal alle erkjenna hans rett til døma dei, og dei vil forstå at domen han feller er rett.