Episode 12: Trygve Skaug er ein hardt turnerande musikar, ettertrakta låtskrivar, samarbeidspartnar for artistar som Maria Mena, Daniel Kvammen og Eva Weel Skram – og Norges mestseljande poet fleire år på rad. Det som starta som korte poengterte tekstar på sosiale medier har vakse til snart ni diktbøker, og ei heilt fersk barnebok. Den foreløpig siste plata hans, “Sanger du skal få når vi er vektløse”, kom ut same veka som dette intervjuet blei gjort.
I 2019 gav Trygve Skaug ut ei diktboka “Følg med nå” som siktar seg spesielt inn mot ungdom – faktisk mot konkrete ungdomar, ein for kvart dikt, fortel han i podcasten. Men alle diktbøkene hans er populære blant unge vaksne.
Samtalen denne månaden er kan henda litt ekstra laus i snippen, sidan eg som møtte Trygve Skaug til intervju (Arne Olav Hageberg) i tillegg til å jobba ved Skien bibliotek også er musikarkollega med Trygve Skaug frå fleire år tilbake. Resultatet blei ein nær og ærleg samtale om det å vera ung og ikkje ha tid til å lesa bøker fordi ein heller vil spela i band og henga med vener, om livsviktige norsklærarar, kjærleik som er verdt å tru på, om bøker som finst i dag som ein skulle ønska fantes før, og om bøker som har funnest i 125 år og likevel er aktuelle i dag.
Her er pallen til Trygve Skaug:
1) Victoria (1898) – Knut Hamsun
2) Karusellmusmusikk (2001) – Jo Nesbø
3) Psykt deg (2021) – Maria Østhassel
Episoden blei spelt inn på Nordby bibliotek, Vinterbro onsdag 16. februar 2022.
Programleiarar: Arne Olav Hageberg
Redigering: Marcus Patai og Stian Omland
Musikk: Halvor Nordal Strand
Redaksjonsmedlemer: Cecilie Lysell og Stian Omland
Forfatteren & Favoritten er eit samarbeid mellom folkebiblioteka i Porsgrunn og Skien.
Trygve Skaug (f. 1985)
BØKER
Hvis jeg var statsminister - Barnebok
Illustrert av Ella Okstad
Cappelen Damm 2022
Opprykk - Diktbok
Illustrert av Helene Brox
Cappelen Damm 2021
Hjemmekamp - Diktbok
Illustrert av Helene Brox
Cappelen Damm 2021
Ikke slipp - Diktbok
Illustrert av Helene Brox
Cappelen Damm 2020
Følg med nå - Diktbok for ungdom
Illustrert av Helene Brox
Cappelen Damm 2019
Den siste - Diktbok
Koke Bok 2017
50 Kubikks Hjerte – Diktbok
Koke Bok 2015
En Glemmebok – Diktbok
Koke Bok 2014
11 millioner bugg – Diktbok
Koke Bok 2013
PLATER
Kommer i 2022:
Trygve Skaug & KORK
Warner Music
Sanger du skal få når vi er vektløse
Warner Music 2022
Hvis det bare kom snø
EP med Henning Kvitnes
Warner Music 2021
Sanger du skal få når du våkner
Grammofon 2019
Sanger du skal få når jeg dør
Grammofon 2017
*Spellemannsnominert
Seine Natt Desember
Koke Plate 2015
Martyren
Koke Plate 2014
Norske Kompani – StMorritz
Sony Music 2012
Tusenvis av ting – StMorritz
Sony Music 2010
Evige – Flere artister
Lynor / NLM 2009