Episode 2: Siri Pettersen
Om du kom inn på rommet til 17 år gamle Siri Pettersen på Finsnes i Troms, ville du funne ei heimelaga svart himmelseng, ein svart demon med klør og tenner malt rett på tapeten og ei sandkasse med brennande kyrkjelys.
I dag ville ho sagt til sitt unge eg: Slapp av, det som gjer deg rar no, er det du vil bli elska for seinare. Fascinasjonen for det mystiske og trongen til forteljingar enda opp med å gjera henne til ein leiande fantasyforfattar i Skandinavia, med ein stadig veksande tilhengarskare i ikkje ubetydelege språkområder som USA og Tyskland, for å nemna to. Her heime blei bøkene i Ravneringene-trilogien i tur og orden nominerte til Bokhandlarprisen.
Førebuing til ein samtale med Siri Pettersen betyr timar med spenning framom ein knitrande peis, trøytte dagar på jobb (etter å ha blitt liggande alt for lenge å lesa på senga), fornya tru på den gode forteljinga, og eit par-tre ville anekdotar om korleis e-postutvekslinga med ein internasjonal suksessforfattar kan utarta seg. For det er ikkje bare på salslistene det går unna her. Forfattaren av Ravneringene, Bobla og den nye suksessen Jernulven er kjapp i kjeften, kjapp i tanken og glitrande morosam å snakka med, mellom anna om korleis ho kom fram til akkurat denne pallen:
1. Neil Gaiman: The Sandman (1988-1996)
2. Naomi Klein: No Logo (1999)
3. Tad Williams: The Dragonbone Chair (1988)
Episoden blei spelt inn via link mellom Skien og Oslo 11.03.2021.
Programleiar: Arne Olav Hageberg
Musikk: Halvor Nordal Strand
Musikkmiks: Rune Sundby
Redigering: Arne Olav Hageberg og Marcus Patai
I redaksjonen: Stian Omland og Cecilie Lysell
Forfatteren & Favoritten er eit samarbeid mellom folkebiblioteka i Porsgrunn og Skien.
Siri Pettersen (f. 1971)
Bibliografi:
Antiklimaks (tegneserie, 2019)
Vardari-serien:
Bobla (ungdomsroman, 2017)
Ravneringene-serien: