Episode 4: Forfattarsamtalen denne månaden kjem fort til dei store spørsmåla. Kvifor er vi så redde når vi eigentleg har det så bra? Kor kjem rastløysa vår frå? Kvifor er det så vanskeleg å stola på kjærleiken? Og går det an å vera 100% ærleg, for eksempel i eitt minutt kvar fjortande dag?
Bjørn Sortland sine ungdomsbøker har også store titlar, som Hver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen og Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? Alt som er farleg skal ein skriva om, seier han. Sjølv er han komen til 64 bøker no.
Rundt 15 av dei 64 peikar mest i retning av unge vaksne lesarar. Men erfaringa hans er at desse lesarane også gjerne les Kunstdetektiv-serien hans, og at godt vaksne bibliotekarar kjem og ber fint om han ikkje kan skriva fleire ungdomsbøker - til dei, liksom.
Som karakterane i ei Bjørn Sortland-bok dreg samtalen vår vidt og breitt, til krigen i Syria, “verdsmetropolen“ Oslo og kongen i Eswatini som kvart år plukkar seg ei ny kone blant jomfruene i folket sitt. Men sjølv om karakterane hans ofte dreg rundt i verda, er Bjørn Sortland aller mest oppteken av det som skjer i relasjonen mellom folka som reiser - og som elskar.
Og så er han oppteken av alle dei hemmelege bøkene og filmane som burde vore lesne og diskutert mykje meir, og blitt elska mykje meir. Pallen bruker han til ein skikkeleg ringrev og to meir hemmelege:
Episoden blei spelt inn via link mellom Skien og Oslo 11.03.2021.
Programleiar: Arne Olav Hageberg
Musikk: Halvor Nordal Strand
Musikkmiks: Rune Sundby
Redigering: Arne Olav Hageberg og Marcus Patai
I redaksjonen: Stian Omland og Cecilie Lysell
Forfatteren & Favoritten er eit samarbeid mellom folkebiblioteka i Porsgrunn og Skien.
Bjørn Sortland (f. 1969)
Nokre utvalde bøker for unge vaksne: