Episode 8: Nina Borge
Gjesten denne gongen heiter Nina Borge og er ei stigande stjerne på den norske UV-scena. På to år har Nina Borge snart gitt ut tre bøker. Den første, science-fictionromanen Utbryterne, blei nominert til Uprisen i 2021.
For første gong har vi også ein ungdom med i studio. Aron Magnus Foldøy Hageberg bidreg som reflektert sidekick under intervjuet. Han er geimar, glad i fantasy og i målgruppa for UV-litteraturen. Kanskje ikkje så rart at kjemien med forfattaren og rollespelfantasten Nina Borge blei ordentleg god!
Bøkene vil alltid ha forrang her i Forfattaren & favoritten. Men i denne episoden kjem vi også grundig inn på gaming og rollespel, og ikkje minst parallellar mellom ulike medier når det kjem til dette med å skapa handling og karakterar.
Vi får høyra detaljar frå skrivestova til Nina Borge, om korleis den strukturerte forfattaren nyttar teknikkar ho har lært som rollespelar og Laiv-deltakar til å bygga karakterar i bøkene sine. Laiv, eller levande rollespel, er ei improvisert dramatisering, der dei som er med spelar ut ein ein fiktiv person og ei handling – som eit skodespel utan publikum – for eksempel i ein skog gjennom ei helg.
Vi kjem grundig inn på dataspelet CS-GO. Bokstavane står for Counter-Strike: Global Offensive, og er eit førstepersonsskytespill der kvar spelar blir med på eitt av to lag, terroristane eller counter-terroristar, som kjempar mot kvarandre.
Vi snakkar forresten også ein del om angst, sidan det er ein viktig tematikk i Nina sin andre roman. Og du skal få høyra kva for eit reisemål Nina Borge oppdaga på biblioteket då ho hadde lese Ringenes herre og tenkte: «Det kan jo ikkje finnast fleire sånne stadar å dra til!»
Og mot slutten stiller Aron eit spørsmål som kastar oss inn i heftige refleksjonar rundt dette med oppfylling av leseforventingar og korleis forfattarar kan sjonglera sjangerkonvensjonar - dette med at all fantasy har magi, men at det interessante kanskje ligg i korleis magien blir løyst.
Ja, og så kjem vi stadig tilbake til den kanadiske feministen, miljøaktivisten og forfattaren Margaret Atwood – som likevel ikkje står på pallen til Nina Borge. For der står nemleg:
1) Tidshjulet-serien (1990–2013) – Robert Jordan
2) Silmarillion (1977) – J.R.R. Tolkien
3) Ravneringene-trilogien (2013–2015) – Siri Pettersen
Episoden blei spelt inn ved Skien bibliotek torsdag 28. oktober 2021.
Programleiarar: Arne Olav Hageberg og Aron Magnus Foldøy Hageberg
Opptak og redigering: Marcus Patai og Arne Olav Hageberg
Musikk: Halvor Nordal Strand
Redaksjonsmedlemer: Cecilie Lysell og Stian Omland
Forfatteren & Favoritten er eit samarbeid mellom folkebiblioteka i Porsgrunn og Skien.
Nina Borge (f. 1983)
Utbryterne (2020) - nominert til Uprisen 2021
Outlaster (2021)
Fumbler (2022)