Vekas gjest er månadens spelar for september, Daniel Gjerde Sætren. Den 16 år gamle keeperen har overteke plassen til ein skada Renze Fij og levert varene godt. Spesielt 2-0 kampen var eit høgdepunkt, og i denne episoden kan du høyre Daniel fortelje om nervene og korleis kampen gjekk. Du får også innsyn i kvardagen med fotball og skule, livet som landslagsspelar, og sesongen Daniel har hatt. Ein lang og god episode med mykje prat om interessante tema.