Bli med til Arendal bibliotek tysdag 13. august i år. Der inviterte Norsk bibliotekforening, Den norske Forleggerforening og Litteraturhuset i Oslo til arrangementet «Lesing er beredskap» under Arendalsuka 2024.
Ei lesande og kjeldekritisk befolkning er grunnleggande for demokratiet og ein viktig del av Norges totalforsvar, skreiv arrangørane. Undersøkingar viser at vi er blitt dårlegare lesarar, og dårlegare til å forstå og vurdera innhaldet i lengre tekstar. Korleis skal vi stå imot påverknad frå falske nyhende og frie ytringar som feilinformerer? spurte arrangørane.
Først får de høyre forfattaren Maja Lunde lesa innleiingskapittelet frå boka si Skjerm barna som kom ut tidlegare i år. Så kjem beredskapsforskar Paul Buvarp frå Forsvarets forskingsinstitutt og siterer mellom anna funn som viser at løgn på sosiale medium spreier seg fortare, breiare og djupare enn sanning.
Mot dette dystre bakteppet kjem så pånelet på scenen, med Sarah Sørheim frå Schibsted, Kjersti Løken Stavrum frå Stiftinga Tinnius, nyhenderedaktør Mads A. Andersen frå Dagbladet og Helene Voldner frå Norsk bibliotekforening.
Utgåve 3-24 av Bok & bibliotek inneheld forresten fleire saker som tematiserer dette med beredskap.
God lytting!