Velkomne til Bok & bibliotek påskespesial 2025 om Bibel 2024.
I mars 2024 kom det ei revidert utgåve av Bibelselskapet si 2011-omsetting av Bibelen. 28. juni same år spelte vi inn eit intervju med forlagsjef i Verbum Arne Christian Konradsen og seniorrådgjevar for bibelomsetting Julian Kirkeby Lysvik.
På den eine sida er det jo dumt med ting som kjem seint ut. På den andre sida – kva er eit år frå eller til når vi snakkar om ei bok med tekstar som er opp til 2700 år gamle? Den er jo også verdas mest lesne bok, og la grunnlaget for bok- og bibliotekorienterte kulturen vi lever i og av.
Her er nokre stikkord som gir eit hint om breidda i samtalen: Disney, Brageprisen, Michael Niemi-romanen Koke Bjørn, skriftrullar i ørkensand, språkvitskap, Bibelen som litterær tekst, poteter og Pizza Grandiosa, C.S. Lewis, Jon Fosse, Hanne Ørstavik og Pontoppidan, Karl Ove Knausgård og Hans Nielsen Hauge, Erasmus av Rotterdam – og noko så konkret som kva for bibelutgåver som bør finnast i eit oppdatert bibliotek.
Eg kan lova at du lærer noko nytt i denne episoden. God lytting!