Kan eit lokalt, norsk folkebibliotek ha som mål å nå ut til heile verda? Kva ligg bak ein uttalelse om at «Ibsen er vår flytevest»? Og kva er eit Ibsenbibliotek?
Alt dette får du svar på i dette intervjuet med biblioteksjef i Skien Henriette Stoltz og prosjektleiar Christiane Lieungh. Dei to har opplevd det uvanlege å få millionløyvingar over statsbudsjettet til å skapa innhald i biblioteket sitt. I budsjettavtalen mellom AP/SP og SV ligg det nemleg inne mange statlege millionar til Skien bibliotek sitt arbeid med å bygga det nye Ibsenbiblioteket og til å driva Sølvåren Ibsen formidlingssenter, som skal bli integrert i det nye biblioteket i byen der Henrik Ibsen blei fødd i 1828.