I denne episoda har vi fått besøk av fotballkommentator, Vixen-vinnande nygifte Kasper Kvello, aka styrketreneren. Vi snakkar om bryllupet, trening, fotball, og guttastemning. I tillegg kjem konseptet «vaksenkonfirmasjon» på agendaen, og Kasper held tale til gutta.
Har du tilbakemeldingar, forslag på gjestar, eller ynskjer om tematikker vi skal ta opp i podkasten? Ta kontakt med oss på tavare@mhu.no
"Ta vare-med Hannah og Oskar" er Mental Helse Ungdoms podkast.
Treng du nokon å snakke med?
Mental Helse Ungdoms hjelpechat er open kvar dag, fra 18:00-21:00.
Programleiarar: Hannah Christin Lerfaldet (@hannahchristin) og Oskar Fjørtoft (@oskarfs)
Produsert av Nitro lydstudio, med Robin Howard bak spakene.