Siste torsdagen i månaden har Bedehuskirka Emblem formiddagstreff. I januar var det Radio Sunnmøre som fekk vere gjest, og som fekk dele ei andakt og dele litt om radioarbeidet på Sunnmøre. Vi fekk også gjere eit intervju med nokre av dei frammøtte.
Kåre Bjørdal er ein av dei trufaste på formiddagstreffet, og han fortel i intervjuet at han set stor pris på å få kome dit og dele eit måltid med andre, og å ha eit sosialt treff saman med andre kristne ein føremiddag. Kari Lisa Roald er pianist på treffa og fortel sprudlande om den gleda ho har med å få lov til det.
Vi tok også ein prat med eldsjel Svanhild Farstad om kor viktige desse torsdagstreffa er.
Både "Hode, skulder, kne og tå", viser og salmar vart sunge, god mat vart delt og ei andakt fekk dei frammøtte også med seg.
Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.