I helga var Rune Tobiassen på Sunnmøre og haldt ulike seminar om trusforsvar, og kalt apologetikk på fagspråket. Han er ny leiar i Tro & Medier og har 18 år bak seg som pastor i Frikirka. Fleire gongar har han blitt grilla i Laget sitt konsept Grill en kristen, og han kom i fjor ut med boka 17 grunner til at jeg er en kristen.
Tobiassen fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre kva trusforsvar er. Han fortel at det ikkje handlar om å stå i forsvar, men om å svare på spørsmåla med alle dei gode grunnane ein har for å vere ein kristen.
Høyr heile intervjuet med Rune Tobiassen, dagleg leiar i Tro & Medier.