Listen

Description

I årevis har kysten mellom Jæren og Kristiansand vore eit litt aude land i fotballsamanheng. Som dei gråe anortositt-knausane har det vore eit landskap for vidarekomne, litt skjult for allmugen. Fotball for lokalpatriotar med von om at det i år er vår tur.

Men i år kan det godt vere at Egersunds IK, ein av dei eldste klubbane i fylket tar steget opp i det selskapet som er dei to øvste divisjonane. Utfallet av sesongen i år er ikkje gjeve, sjølvsagt, men likevel har me høyrt snakk i gangane om at optimismen rår i den gamle fiske- og fajansebyen som er litt Sørlandet ei kort togreise unna Nord-Jæren. Me tok turen til Egersund for å lodde stemninga. Høyre frå ulike aktørar i og rundt klubben, og freiste svara på det store spørsmålet: Er EIK no klar for 1. divisjon?

Skulle dei lukkast vil dei som fyrste lag sidan Mandalskammeratane klare å drive ei kile inn dei grå fjella, og sette byen på eit jevare fotballkart. Dei vil syne at gult og svart er ein farge som ikkje kristiansandarane har monopol på i smuga mellom kvitmåla trehus langs kysten i sør. For å finne svar på spørsmåla våre snakka me med: Sponsor og tidlegare ordførar Jan Petter Rasmussen, spelarane Henrik Breimyr og Alexander Dang, trenar Ojan Bijan og dagleg leiar Kenneth Andersen.

På sundag startar dei alle jakta på nivå 2 i norsk fotball, og ein plass i historiebøkene.