Listen

Description

Tett program for Bryne og dei andre laga på nivå to dei komande dagane. Etter kampane fredag og måndag har me lagt bak oss ein tredjedel av serien. Difor har me lagt eit tett progam denne veka: 

Even Sel om sigeren på Sørlandet og dei to komande kampane. Blinks unge og lovande trenar, Tom Dent, om England og jobben med å få laget frå Stjørdal opp og fram. Tobias Guddal om den korte tida så langt i Bryne, og rogalendingen Hermann Kleppa om livet og fotballen på vestsida av Mjøsa. Del oss gjerne vidare og spre ordet.