Fred er sentralt for den kristne trua. I dag takkar vi for mange velsigningar og for at vi lever i eit land med fred midt i ei uroleg tid med krig i verda. Vi treng å leva i fred med Gud for å kunna leva i fred med oss sjølv, folk rundt oss og vera med å skapa fred og forsoning mellom folk og nasjonar.
Det hebraiske ordet for fred, shalom, er eit rikt ord som inneber mykje meir enn fråvær av krig og konflikt. Shalom er harmoni, velstand, god helse, lukke og glede. Shalom er det gode livet. Dette snakkar vi om i denne podkasten.