Listen

Description

Eit problem for rettstryggleik, tillit og demokrati

Kva gjer du om du vert saksøkt av ein nabo som vil ha vegrett over eigedomen din, eller du vil saksøkja kommunen fordi barnet ditt vert mobba på skulen? Straks du går til ein advokat, innser du at det i dag er så dyrt å krevja sin rett for domstolane, at dette er eit gode for dei med god råd. Slik er den klassedelte rettsstaten, som særleg har vakse fram dei siste tiåra. Den tar frå innbyggjarane rettstryggleiken deira. Og den skadar både demokratiet og tillitssamfunnet. For når domstolane vert irrelevante for mange, ligg alt til rette for framveksten av eit illiberalt demokrati.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor ved Institutt for offentlig rett, Universitetet i Oslo. Siste bok: Har eg rettstryggleik? Om den klassedelte rettsstaten og illiberale demokrati (2025).

Møteleder: Anders Johansen