Listen

Description

Dei åt overraskande godt i Noreg i mellomalderen, for i byar som Bergen blei det handla med varer frå heile verda. Nordmenn fekk til dømes nellik, dadlar og vin i bytte mot tørrfisk og pelsvarer.

Professor i arkeologi Marianne Vedeler har undersøkt matvanar for fattig og rik i mellomalderen, og i dette foredraget fortel ho kor variert dei åt. Undervegs i foredraget fekk publikum smake på mellomaldermaten.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.