Listen

Description

Det er høgsesong for paljettar, vindmaskin og modulasjonar, og Språkoppdraget nyttar høvet til å invitere til ein Eurovision Song Contest-spesial. 17. mai er det finale i Basel, og i studio har vi har fått med oss to av Noregs største ESC-fans, Simen Formoe Hay og Johan Hveem Maurud. Dei står bak suksessframsyninga Europavisjonar som speler for fulle hus på Det Norske Teatret.

Kven skulle trudd at årets teatersnakkis skulle vere Boris Jeltsin i sølvhotpants og Erdoğan som sexy magedansar? Det er berre å konstatere at ein ellevill ide har blitt ein ellevill suksess, og i denne episoden snakkar Simen og Johan om prosessen med å lage Europavisjonar. Dei fortel om korleis det var å sjå at nyheitsbildet tangerte fiksjonen timar før premieren, og korleis dei har klart å få eit danna teaterpublikum til å ikle seg paljettar og heie på syngande og dansande politikarar.

I denne episoden av Språkoppdraget dykkar vi djupt ned i fankulturen til Eurovision Song Contest. Kva er den optimale ESC-finalen? Korleis er det mogleg å elske ‘Mello’ men hate Sverige? Kva plass har språket i Eurovision? Kvifor drøymer Simen om ein ESC-finale i Holmenkollen? Kva er Noregs sjansar i årets konkurranse og kven får ‘douze points’ frå Simen og Johan?

Med to språkglade gjester i studio, blir det både gloser på islandsk, hylling av morsmål og kjærleik til nynorsk.

Velkommen til Språkoppdraget – Eurovision-spesial! 


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.