Listen

Description

Frida Ånnevik har komme over frykta for å gå tom for idear, og har minst fem låtar i hovudet som berre skal ut. Den allsidige musikaren og tekstforfattaren har gitt ut seks album og har peishylla full av Spelemannsprisar. Ho jobbar i eit vidstrekt musikalsk landskap med coverlåtar, samarbeid og heilt eigne prosjekt.  

For tida kan du oppleve hennar gjendikting av musikalen Once som speler på Det Norske Teatret. Der fekk ho skrive tekstlinjer som «Ein lekk og hjartebroten sugen, trugen støvsugar.» Men også gjendikte den Oscar-vinnande låta «Falling Slowly», som i versjonen til Ånnevik blei «Styrte sakte». Dessutan får vi lære om fenomenet «bluesadvokat».

I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi om skilnaden på google translate og gjendikting, om korleis Spice Girls og Janis Ian høyrest ut på norsk, og kvifor Beyoncé ligg i skrivebordsskuffa til Ånnevik enn så lenge. Vi får høyre om korleis Ånnevik arbeider fram tekstar og musikk, og ho kjem med gode råd til andre som vi vere skapande. For om du drøymer om å bli ein «one hit wonder», er det gode sjansar for at det kan skje. Frida Ånnevik trur nemleg at alle folk har ein låt i seg. 


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.