Listen

Description

Valgerd Svarstad Haugland har hatt ei lang karriere i politikken, mellom anna som Kristeleg folkeparti sin fyrste kvinnelege leiar. Etter at ho gjekk ut av politikken jobba ho 13 år som statsforvaltar for Buskerud, Østfold, Oslo og Akershus, ein jobb som enda med at ho måtte gå på dagen.

I denne episoden fortel ho om korleis det var å få beskjed om at ho ikkje lenger hadde tillit som statsforvaltar og korleis ho har takla andre nederlag i karrieren. Ho er òg open om tankane ho hadde i slutten av tenåra og korleis det seinare har prega hennar syn på likestilling.

Hardanger.no lagar innhald for deg som bur, jobbar eller på annan måte har tilknyting til Hardanger og er interessert i å fylgja den overordna utviklinga i regionen. Gjennom nyhendebrev, podkast og event dekkjer me tema og saker som er relevante på tvers av kommunegrensene. 

Meld deg på nyhendebrevet vårt her.

Bestill abonnement her.

Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.