I denne første episoden av podkasten Nynorsk no får du høyre eit opptak frå Dei nynorske festspela 2019, der Kjartan Fløgstad, Eli Bjørhusdal, Inger Marie Okkenhaug og Heming Gujord diskuterer og dekonstrurer (delar av) forteljinga om vår eigen kultur.
Forfattar Kjartan Fløgstad debuterte i 1968, og har ein rikhaldig forfattarskap som både utfordrar og løftar fram viktige kjenneteikn ved vår kultur i vid forstand, og kanskje særleg tilhøve mellom klasse og kultur. Les meir om Fløgstad hjå Allkunne: https://www.allkunne.no/framside/biografiar/f/kjartan-flogstad//89/11857/
Språkforskar Eli Bjørhusdal har gjort eit viktig forskingsarbeid om kvinnene i den nynorske kulturhistoria, og har noko å formidle om korleis desse har blitt gløymt og kva dette betyr for det store "vi"-et i målrørsla. Les meir om Bjørhusdal hjå Allkunne:
https://www.allkunne.no/framside/biografiar/b/eli-bjorhusdal//85/937/
Inger Marie Okkenhaug bidreg med sine perspektiv som historikar og drøftar kor vidt vårt "vi" stoggar med landegrensene. Okkenhaug har særskild erfaring med misjonshistorie og soleis eit viktig kapittel om nordmenns aktivitet i den store verda. Les meir om hennar arbeid hjå Høgskulen i Volda:
https://www.hivolda.no/tilsette/historie/inger-marie-okkenhaug
Samtalen blei leia av Heming Gujord, som i tillegg til å vere Fløgstad-ekspert og forfattar bak boka Fløgstad verk, om Kjartan Fløgstad sin forfattarskap, er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Les meir om hans arbeid hjå Universitet i Bergen: https://www.uib.no/personer/Heming.Gujord
Du kan lese meir om boka Fløgstad verk her:
https://samlaget.no/products/flogstad-verk-skriftprosessar-produksjonslinjer-1?fbclid=IwAR0cJ2hJOxx8d-1-Dp3rl4y-6xUXAhuGX5cm_TqXHRzGB5622tA-3wZZhjg