Listen

Description

Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift blir sju forfattarar frå Møre og Romsdal portretterte gjennom tre ulike blikk.

I denne episoden blir Mette Karlsvik intervjua av Bjørn Vatne.

Mette Karlsvik er fødd i Bodø. Ho voks opp på Frei på Nordmøre og er busett i Oslo. Ho skriv energisk, sprudlande og kreativt med korte setningar og eit oppfinnsamt språk.

Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodaene til Stader for skrift