Vi startar med å fortelja om kva som har skjedd sidan sist: mellom anna har vi lagt julegrisane ut for sal (bestill her!), Mari har gått kjøkkenhage-berserk etter økologiske frø på Solhatt og Kjetil har hatt eit magisk griseaugeblikk.
Hovudtemaet i episoda er økologisk mat. Kva er krava til økologisk produksjon, og kvifor har vi valt å ikkje prøva å sertifisera maten vår som økologisk sjølv om vi er einige i dei overordna prinsippa?
Send oss gjerne tilbakemeldinger og spørsmål på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no