Listen

Description

Denne veka har vi vore på storhandling, og den største investeringen har vore ein sekshjuling! Den skal fungera som traktor på garden, og vi gler oss til å få ein maskin som kan gjera litt tungt arbeid for oss. Vi har og handla ein del utstyr som vi skal innreia produksjonslokalet med, der vi etter kvart skal få oss eit velutstyrt kjøken.

Der pengane har floge ut, har hyggjen floge inn, og veka vart avrunda med nydeleg seksretters på fin restaurant, og ein skikkeleg triveleg dugnad på garden. God mat og gode vener gjer livet verdt å leva! <3 

Send oss gjerne tilbakemeldinger og spørsmål på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no