Listen

Description

Denne veka handlar det meste om ost og ysting. Mari har nemleg vore på ystekurs i Aurland og er heiltent!

Vi pratar om dei gamle, norske ystetradisjonane, om setring og budeier, om ystekultur som har vorte gløymd, om industrien som tok over, og om den nye generasjonen ystare som no hentar fram den gamle kunnskapen. Vi pratar om pasteurisering, om mjølka som råvare, om bakteriar, handverksstoltheit og småskala ysting, om våre eigne ysteplanar og om kvifor småskala ysting er eit feministisk prosjekt (den såg du ikkje koma)!

Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no