Vi oppdaterer på grisane (dei har vorte flytta ein siste gong før dei snart skal til slakteriet), vi gler oss til å få besøk av Norsk Landbruksrådgjeving, og elles går mesteparten av episoda med til å gå i djupna på korleis eigedomen vår er bygd opp.
Du kan fylgja med på kartet (Nibio sitt gardskart) medan vi pratar om dei ulike markslaga og kva vi planlegg å bruka dei ulike områda til. Litt arealressursnerding med andre ord!
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no