No har det endeleg byrja å koma julestemning på Gjengevoll! Vi har vaska og pynta, og ser målet om ein roleg juleferie koma stadig nærare. I denne episoda oppdaterer vi på kva vi har gjort i desember og korleis juleinnspurten med masse REKO-produksjon har vore. Vi pratar også om planene framover og kva vi ser for oss å bruka romjulen og byrjinga av 2021 til.
Elles oppsummerer vi frå besøket vi hadde frå landbruksrådgjevaren Trygve, som både tok jordprøver og ga oss råd om grøfting. Vi har planar om å opna opp grøftene våre og laga eit opent bekkesystem på garden. Vi pratar litt om desse planane og bakgrunnen for dei.
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no