Listen

Description

Endeleg har Gerda komen til gards. Ho seier brom brom, er ein sekshjuling og skal hjelpa til med kvardagslogistikken på garden.

No er også sevja så vidt byrja å stiga i bjørketrea, og vi pratar om planane våre for å sanka og selja både bjørkesevje og bjørkesirup dei næraste vekene. Sevje er det berre mogleg å få tak i nokre få veker i året, og det byr jo på sine eigne utfordringar når det kjem til logistikk og produksjon.

Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no