Listen

Description

Vi har levert vår fyrste næringsoppgåve! Mari fortel om korleis prosessen med utfylling av skjemaa har vore og kva som er spesielt for landbruksføretak. I det høve pratar vi også litt om korleis det er å bruka Fiken som rekneskapsprogram for landbruk, og kva ein bør vera obs på, for dykk som har lurt på det.

Vi går også inn på ein større diskusjon om lønsemd i landbruket og spør: går det an å leva av eit småbruk? Vi har det trangt økonomisk for tida, og no har gardsbilen vår konka. Vi byrjar å skrapa i botnen av sparepengane våre og lurer på om det er liv laga å kunna leva av garden. I så fall treng vi meir inntekter ganske snart.

Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no