Listen

Description

Vi har hatt vårt fyrste offentlege arrangement på garden! Ein open gard-dag med kafé, butikk, program og allting. Alle i bygda var invitert, og jaggu om ikkje halve bygda møtte opp også.

Vi fortel om korleis det gjekk, korleis vi førebudde oss til dagen og kva som kan forbetrast - og ikkje minst spreier vi masse feelgood om alle dei kjekke folka vi har møtt og kor stas det er å endeleg få treffa bygda.

Vi er også litt forelska i tilhengerskaren vår som lyttar til denne podcasten (ja, deg ja!), og vert litt ømme og mjuke av å snakka om det.

P.S! Kva for slags pludrecast-merch kunne du tenkja deg? Gi oss beskjed!

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no