Listen

Description

Korleis har den sosiale fellesskapen på garden endra seg dei siste hundre åra? I gamle dagar budde ein i store familiar på gardane, og kanskje fleire familiar saman. Garden var ein arbeidsfellesskap og eit nav for det sosiale livet.

I denne episoda av Gjengevoll Pludrecast reflekterer vi litt over om det eigentleg er berekraftig å driva gard på den måten flesteparten av norske bønder gjer i dag: ofte åleine og kanskje til og med ved sidan av ein annan jobb. Garden som sosialt nav er utrydningstruga, men handlar ikkje det å driva berekraftig og regenerativt også om å trivast som menneske i ein fellesskap?

Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:

Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no