Vi er tilbake i kvardagen etter nokre veker med sommar og unntakstilstand. Mari har vore på orkesterseminar og fjelltur, og vi begge har vore på byferie i to heile dagar. Hausten nærmar seg, og vi pratar om tider som endrar seg og korleis hausten ofte bring med seg kjensla av nye byrjingar.
Mari har i laupet av sommaren fått ei lita openbaring når det gjeld eigen jobb og interessar, og vi pratar ein del om balansen mellom å gjera det ein verkeleg elskar på den eine sida, og vera avhengig av ein fast jobb og inntekt på den andre sida.
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: hallo@gjengevoll.no