Hei alle saman! Vi har no satt første sideout, som markerar starten på det som forhåpentligvis skal bli ein lang og god debatt rundt volleyball. Fleire episodar er på veg! Dei første episodane er spelt inn med både nytt utstyr og nye programleiarar, og den kombinasjonen er sjølvsagt noko utfordrande.. Men, vi er ein prosessorientert duo, og har eit klart mål om å bli litt betre til kvar episode! Vær tålmodige, så skal vi ordne det som trengs
Starten på denne pod’en kjem til å handle om volleyball generelt, der vi etterkvart kjem til å dukke både djupt og djupare ned i ulike tema. Kom gjerne med forslag til tema og problemstillingar innanfor idretten vår, om dei så er tekniske, taktiske eller mentale, både på og utanfor bana. Kanskje kan vi løyse ei utfordring, eller i alle fall skape ein god diskusjon? Vi ser fram til vegen vidare, og håpar du likar starten!
Apropos likar; vi har no både FB og Instagram, der vi kjem til poste litt av kvart. På IG blir det truleg litt fagleg påfyll av ting som blir diskutert i dei ulike episodane, følg med.
Vi set stor pris på om du delar, og sprer ordet!
Vi kan enkelt nåast med spørsmål eller anna på FB eller IG, eventuelt på mail til sideout.vbpodkast@gmail.com.
Vi håpar alle får ein strålande start på eit nytt år, både på og utanfor bana!
Lars Fredrik & Bjarne Nikolai