Listen

Description

- Ja, du blir på grensa til gal når du føler du har tenkt på alt som det går an å tenkja på, innrømmer Karen Kyllesø frå Årdal i Ryfylke. 13. januar 2025 kom ho fram til Sørpolen etter 54 dagar åleine på ski over Antarktis. Då ho nådde polpunktet sette ho verdsrekord i å vera den yngste som har gått åleine til Sørpolen. 21 år gamle Karen hadde planlagt turen i seks år, heilt sidan ho kryssa Grønland i niande klasse. I podcasten På Ekta møter me den uredde, rasjonelle ryfylkingen, som alltid har søkt spenning i naturen. Men, ho innrømmer at ho også var redd under Sørpol-ekspedisjonen. Ikkje minst var det tøft då det gjekk så seint i starten at ho måtte rekna på korleis ho skulle spara på maten for å ha nok til å nå Sørpolen. Karen Kyllesø hadde mat til 55 dagar, og kom fram etter 54. Nå vil ho inspirera unge og vaksne til å følgja draumane sine, om dei er aldri så dristige.