Denne episoden av «For folk og natur» handlar om totalforsvaret - og om totalberedskapskurs for toppleiarar. Totalforsvaret er samarbeidet mellom militæret og sivile i Norge, og skal beskytte landet mot kriser, konflikter og krig.
Cirka 120 toppleiarar frå offentleg og privat sektor i Møre og Romsdal har dei siste to åra vore gjennom eit fem dagar langt totalberedskapskurs for å forstå den tida vi lever i, og for å bli førebudd for eventuelle kriser og krig. Bak kurset står statsforvaltar Else-May Botten, saman med politisjefen og distriktsjefen i heimevernet.
Kurset har blitt svært populært – og er ønska over heile landet.
I studio er kommunikasjonsleiar og produsent Lena Skattum Sandvik i samtale med statsforvaltar Else-May Botten. Lars Levende Jacobsen har ansvar for det tekniske.