Listen

Description

Trebygg har mange fordelar. Tre er både fornybart, miljøvenleg og framtidsretta. Dessutan er det godt for menneske å vere i trebygg. Derfor jobber Statsforvaltaren for auka bruk av tre som bygningsmateriale.   

I denne podkasten får du høyre korleis vi hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal arbeider med dette oppdraget som vi har fått frå Landbruks- og matdepartementet. 

Som byggemateriale gir tre låge klimautslepp og har eit stort bruksområde. 

I podkasten møter du fylkesskogmeister og tredrivar Christina Qvam Heggertveit. Du får høyre korleis ho jobber med kommunar og med skog- og treindustri. 

Kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik er produsent og leiar programmet. Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden.