Listen

Description

Ei veke etter valet samlar vi nokre av dei mest sentrale aktørane i valkampen.

Valkampen går mot slutten og skuldingane haglar: Redaksjonane favoriserer sine yndlingsparti! Partia vil berre pumpe ut slagord på Facebook i staden for å stille opp for den skikkelege journalistikken! Pressa skriv berre om bompengar! Pressa skriv for lite om bompengar!

Ei veke etter valet samlar vi nokre av dei mest sentrale aktørane i valkampen.

I panelet:
Harald Victor Hove, fyrstekandidat for Høgre i Bergen
Marte Mjøs Persen, ordførar i Bergen frå Ap
Dyveke Maiken Buanes, distriktsredaktør, NRK Hordaland
Frøy Gudbrandsen, politisk redaktør, Bergens Tidende

Ordstyrar: Gunnar Widerstrøm, journalist i Klassekampen

Arrangør: Bergen Journalistlag