Listen

Description

Garden Kråkås er omgjeven av grøne beitemarkar for sau, kveg – og no og då hjort. For hjorten aukar i tal i Solund og elles på Vestlandet. Kvar haust kjem det tilreisande jegerar til tvillingbrørne Atle og Kåre, som har luska på kronhjortane sidan dei var gutungar. Å spore hjort krev nemleg kløkt og erfaring. Hjorten går sine eigne stiar, legg seg til på daglægje nær garden, går opp i fjella på kvelden, og sym over Sognefjorden, om det trengs. Og han er smart; når du trur du forfølger han, er det han som følger med deg. Det er difor jegerane har hundar, og med gode snuter kan jakta lukkast.