Fysteårsstudent Aksel går journalistikk og har vore litt «avslått» dei siste vekene. I morgon skal han ha heimeeksamen og treng å vere på. Kva gjer Aksel for å bli klar for ein heimeeksamen? Er han nervøs? Kva er det verste som kan skje? Og er det innafor å sitje i slåbroken i senga, eller burde han ta på seg finskjorta og leige inn ein pensjonist som kan følgje han på do?