Listen

Description

Hurra! biblioteket er opna igjen! Studentane har sakna biblioteket, og biblioteket har sakna studentane!
Vi har snakka med tidlegare student Elin, som no jobbar på biblioteket. Blant grønne planter og bøker er ho og dei andre bibliotektilsette klare for å hjelpe studentane. Men med kva?
Kva kan studentane bruke biblioteket til? Og kvifor er det ein så fin plass å vere som student? Mange studentar får jobba godt, samtidig er det også mulig å føle seg heime og å slappe av. Nokon har til og med kanskje følt seg litt for heime? ;)