Alexander er no ferdig utdanna lærar i blant anna musikk, historie og religion, og han har innsett at han noko ufrivillig må flytte frå Volda for å få drømmejobben. Kva tenkjer han om det? I løpet av åra som student har han opplevd mykje av det fine og utfordrande i studentlivet. Kva har han lært om å vere student? Ville han gjort noko annleis om han kunne begynt på nytt? Og kva er viktig for at han har det bra, uansett kvar han er og kva han gjer?