Laurdag 10. oktober er det Verdsdagen for psykisk helse, og i denne episoda av Podkrastinasjonen har vi snakka med psykolog Vidar Myklebust om kva psykisk helse er, og årets tema for Verdsdagen: Ver merksam, vis interesse, spørr meir. Kvifor er det så viktig? Og korleis gjer vi det? Og kvifor er det kanskje ekstra viktig akkurat no?
(Temaet psykisk helse går over to episoder, og neste episode handlar om studentane si psykisk helse og når ein treng nokon å snakke med.)