Listen

Description

(Del 2 av temaepisoder knytt til Verdsdagen for psykisk helse) Psykolog Vidar, studentrådgjevar Eli Anne og studenthumanist Lone snakkar om korleis studentane i Volda har det no under koronatida. Og kva utfordringar og tema kjem dei og snakkar med oss om? Og er det alltid bra å vere open om at ein slit? Og kven kan ein snakke med når ein har det vanskeleg som student? Og kva er forskjellen på ein studentrådgjevar, studenthumanist og psykolog? Og kva har vi felles?
Og om det er akutt, enten for deg eller andre, kva skal ein gjere da?