Det er vanskelegare å drive kirke i Japan enn i Noreg fortel Inger Valbø. Ho er utsending for Misjonssambandet i Japan og er ute i sin femte periode. Då ho var heime sist arbeidde ho i Den Norske Kirke som kyrkjelydspedagog, og då kunne ho invitere døypte born inn i kirka til ulike arrangement, samt dei som ikkje var døypte. I Japan er det vanskelegare å få kontakt med familier og born sidan det er færre døypte og lite barnearbeid. Nyleg har Valbø starta ein engelsk cafè og på den måten har ho fått kontakt med folk som ikkje har gått i kirka tidlegare.
Høyr heile praten med Inger Valbø.