I denne episoden av Edder & Galle høyrar du sjølvsagt om den store snakkisen: cupbragda på Bryne Stadion der Bryne slo ut Rosenborg etter ekstraomgangar. Det var ein skikkeleg cupkamp, intens, nervepirrande og med ein stadion som levde frå første til siste minutt. Me snakkar om atmosfæren på tribunen, dei avgjerande augneblikka i kampen og kva denne sigeren betyr både for laget og for supporterane.
Me kjem òg innom treningskampen mot Sogndal. Kanskje ikkje like dramatisk som cupkampen, men likevel ein kamp som gir nokre svar og kanskje endå fleire spørsmål om kor laget står akkurat no.
Til slutt tek me for oss lyttarspørsmål om laget, spelarane og klubben generelt. Kven har imponert mest så langt i sesongen? Kva kan me forvente framover? Og korleis ser eigentleg vegen vidare ut for Bryne?