Verdsmeister i skiskyting på stafett og fellesstart under VM i 2025 i Lenzerheide, Endre Strømsheim, tok 8. mars inn på ei heilt spesiell hytteovernatting: Ragnarokk på Aurdalsåsen i Valdres. Hit, langt frå både stadionlys og standplass, har han følgt spora etter tungtvass-sabotørane frå kompani Linge, som i mars 1943 la ut på den dramatiske retretten på rundt 600 kilometer frå Rjukan til Sverige.
Ragnarokk er nemleg eitt av stadene sabotørane søkte ly på den strabasiøse turen. På hemsen i hytta sov også Birger Strømsheim (1911–2012) – broren til Endre sin oldefar – saman med dei slitne kameratane sine. Då karane kom fram til hytta, som var eigd av ingeniør Ragnar Christensen, etter ein tung marsj frå Nordre Fjellstølen i Bagn, skal leiaren for "gunnerside" operasjonen Joachim Rønneberg ha sett seg rundt og sagt dei berømte orda:
– Her luktar det jøssing!
Endre Strømsheim går ikkje berre fort på ski – han navigerer også stødig. Med ni kartblad i sekken og god hjelp frå boka Tungtvass-sabotørane sin retrett av Tom Lium har han følgt ruta gjennom fjellet, bokstaveleg tala i sabotørane sine spor.
I denne episoden av podkasten Langs Vegen No møter vi Strømsheim inne i den historiske hytta. Der pratar han og redaktør Roy Myrland om historie, slektsband, kartblad, lange dagsmarsjar – og korleis det eigentleg er å leggje seg til å sove på same loftet som motstandshelter gjorde for over 80 år sidan.
Endre Strømsheim fortel også at han ønskjer å rette ei takk til Brit Håland, dagens eigar av den historiske hytta – «ein stad på Aurdalsåsen» – før han held fram vidare austover i dei historiske spora etter tungtvass-sabotørane.
Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.